mandag 2. februar 2015

Fin de Siécle – Wien

 
Utrykket „fin de Siécle“ er fransk og betyr „slutten av århundret“. Utrykket er blitt nemninga på ein periode i Europa på slutten av 1800-talet, byrjinga av 1900-talet. Ein satt med ei vemodig kjensle av at ein no gjekk mot slutten av ein epoke, og mange følte seg utanfor, på fleire måtar.

Industrielle nyvinningar gjorde at samfunnet hadde forandra seg mykje, ein kjente seg ikkje igjen. Fram mot 1. verdskrig var det faktisk mange som ønskte ein krig velkomen, fordi ein hadde eit håp om at dét kanskje kunne gjenopprette „orden“ i samfunnet.

Wien var eit kulturelt sentrum – her samla kunstnerar og intellektuelle seg. Tenkarar og filosofar var inspirerte av Nietsche, som tidlegare på 1800-talet kom med sitt berømte sitat: „Gud er død“, og Sigmund Freud som kom med sine oppsiktsvekkjande teoriar om drømmetyding og det ubevisste sjelslivet.

Viktige forfattarar var mellom anna Franz Kafka(fødd i Praha), i bøkene hans blir det skildra uoversiktlege rettsprossessar der personane som er sikta ikkje har noko som helst moglegheit til å skjøne kva dei er sikta for.

Om ein ser på dei ulike kunstformene, så er det spennande å sjå at ein i denne tida kunne velgje sjølv kva stil ein ville hente inspirasjon i frå. Alt var på ein måte allereie gjort – difor sto både kunstnarar og forfatterar no friare enn før. I Ringstrasse i Wien kan ein t. d. sjå korleis dette påverka arkitekturen. Universitetet er i renessanse-stil, parlamentet liknar eit gresk tempel, Votivkyrkja er i gotisk stil, rådhuset i flandrisk stil, hoffteateret er i barokkstil.

Gustav Klimt var ein viktig kunstnar frå Wien, og særleg kjent er han kanskje for bildet „Kysset“, som er eit av dei viktigaste bileta innan Jugendstilen. Han grunnla i 1897 foreninga „Wiener Sezession“ saman med ein arkitekt – dei braut ut frå den konservative kunstnarkretsen og ville frigjere måleriet frå den akademiske tradisjonen.

Hugo von Hofmannsthal og nokre andre forfattarar var medlem i ei gruppe ved namn „Junges Wien“, „det unge Wien“. Hofmannsthal sitt dikt „ Balladen om det ytre liv“ fortel mykje om korleis dei unge intellektuelle følte seg i denne perioden. Fylte av meiningsløyse og avskorne frå samfunnet.



Hugo von Hofmannsthal

Ballade des äußeren Lebens(1896)

Und Kinder wachsen auf mit tiefen Augen,
Die von nichts wissen, wachsen auf und sterben,
Und alle Menschen gehen ihre Wege.

Und süße Früchte werden aus den herben
Und fallen nachts wie tote Vögel nieder
Und liegen wenig Tage und verderben.

Und immer weht der Wind, und immer wieder
Vernehmen wir und reden viele Worte
Und spüren Lust und Müdigkeit der Glieder.

Und Straßen laufen durch das Gras, und Orte
Sind da und dort, voll Fackeln, Bäumen, Teichen,
Und drohende, und totenhaft verdorrte...

Wozu sind diese aufgebaut? und gleichen
Einander nie? und sind unzählig viele?
Was wechselt Lachen, Weinen und Erbleichen?

Was frommt das alles uns und diese Spiele,
Die wir doch groß und ewig einsam sind
Und wandernd nimmer suchen irgend Ziele?

Was frommt's, dergleichen viel gesehen haben?
Und dennoch sagt der viel, der "Abend" sagt,
Ein Wort, daraus Tiefsinn und Trauer rinnt

Wie schwerer Honig aus den hohlen Waben.


Balladen om det ytre liv

Og ungar veks opp med djupe auge,
Som ikkje veit av noko, veks opp og døyr,
Og alle menneske går sine vegar.

Og søte frukter blir til av dei bitre (fruktene)
Og fell om natta ned som døde fuglar
Og ligg nokre dagar og rotnar.

Og alltid bles vinden, og alltid igjen
Oppfattar vi og seier mange ord
Og anar glede og trøttleik i lemmane våre.

Og gater går gjennom graset, og plassar
Er her og der, fulle av faklar, tre og dammar
Og trugande, og døyeleg visne...

Kvifor er desse (plassane) bygde? og liknar
Kvarandre ikkje? og er tallaust mange?
Kvifor vekslar latter, tårer og død?

Kva nytte gjer det oss, alt, og desse spela,
Vi som trass alt stort og evig einsamme er
Og vandrande, aldri leitande etter eit einaste mål?

Kva nytte gjer det, å ha sett mange av desse tinga?
Og likevel seier han mykje, han som seier „Kveld“,
Eit ord, som det renn djupsinn og sorg ifrå

Som tung honning frå dei hole vokskakene.
 

 
http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/4/4d/Klimt_-_Der_Kuss.jpeg
"Der Kuss", 1907-1908, Gustav Klimt

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar