tirsdag 3. februar 2015

Tidleg blues ca 1870-1920

Saman med ragtime og negro spirituals er bluesen den tredje stilen med afroamerikansk opprinnelse - og den har lagt grunnlaget for både jazz og rock n roll. Både blues og negro spirituals vaks fram etter borgerkrigen og var svært like, men medan spirituals var svært kollektiv musikk, var bluesen veldig individuell. I starten var bluesen vokal og utan komp, men rundt 1880 vart det teke i bruk både banjo, fele, munnspel og gitar - då desse kunne imitere stemmen ved å for eksempel bende tonane. 

I blues er bruken av «call and response» grunnleggande. Her var gitaren viktig då den ofte svara eller kommenterte vokalen. Eit anna viktig element frå afroamerikansk praksisk var riff-teknikk. Rytmen i bluesen er oftast synkopert med ein 6/8 feeling, også kalla «shuffle». Og kanskje noko av det viktigaste er bluesens blåe tonalitet. Musikken har ikkje vanleg dur/moll-kjensle, men er bygd opp av ein moll-pentaton skala med liten ters og liten septim. 

Blåtonane er ikkje statiske, men intonert glidande på individuelt vis. Derfor er det ikkje mogleg å notere. Denne praksisen med å bende vokalen stammar også frå afroamerikansk vokalpraksis. 

Akkordane som er brukt i blues kom ikkje før århundreskiftet, rundt 1900 og var eit element frå europeisk musikk - og dette førte også til tolvtaktersbluesen som kom i 1910. Men det er viktig å seie at blues ikkje treng verken akkordar eller ei fast form. 

Denne tidlegaste bluesen blir kalla country-blues  - muligens på grunn av at det var eit veldig lite skilje mellom bluesmusikk og country på denne tida. Country-bluesen blei så delt inn i texas-blues og delta-blues. Den viktigaste forskjellen var at texas-blues hadde fokus på vokal, hadde friare rytme medan delta-bluesen var kjent for meir avansert instrumentteknikk og meir fokus på rytmikk. Bottleneck/slide guitar blei også utvikla her og det er også delta-bluesen som har vore viktig for den vidare utviklinga av blues. 

Så kan ein nemnte at den første publiserte bluesen kom i 1912. Denne heitte «Memphis blues» og var komponert av W. C Handy, som gav seg sjølv tittelen «bluesens far». Denne låta blei spelt inn i 1914, men hadde ikkje vokal. Mamie Smith var nemleg den første vokalisten som spelte inn ei bluesplate, der «Crazy blues» er mest kjent. Ho var forøvrig også afroamerikansk. 

Lytteeksempel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar