onsdag 29. april 2015

Bruddet i kunstmusikken etter andre verdskrig



Sidan musikken i tida før og under andre verdskrig hadde blitt brukt som eit verkemiddel for nazistane ville kunstnarar bryte med det tradisjonelle tonale musikkspråket. Stikkord er serialisme, minimalisme, klangflatemusikk, fusjon mellom klassisk og rytmisk musikk.

http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/d/dd/Bundesarchiv_B_145_Bild-F004566-0002%2C_Darmstadt%2C_Internationaler_Kurs_f%C3%BCr_neue_Musik.jpg
 
Serialisme er ein tenkemåte i eit fagmiljø av komponistar, miljøet oppsto rundt sommarskulen i Darmstadt på slutten av 1940-talet byrjinga av 1950-talet. I den utbomba tyske byen Darmstadt møttes unge komponistar for å lære meir. Denne «tenkjemåten» prega musikklivet i Europa i nesten 20 år. Det var Arnold Schönberg som opprinneleg var først ute, då han på 1920-talet jobba med atonalitet og utvikla 12-tonesystemet. Deretter braut både han og fleire andre desse reglane og laga seg nye reglar, men ideen var unnfanga. I 1944 kom den franske komponisten Olivier Messiaen med ei vidareutvikling – også tonen sin varighet var ein del av seriane ein brukte.

Denne utviklinga heldt fram, mot slutten av 1950-talet var det endå fleire delar/komponentar i musikken som blei serialisert. Musikken blei i stor grad påverka av tekniske framsteg, med nye elektroniske medier kunne ein gjere musikken endå meir komplisert, vende og vri på den i større grad. Til dømes brukte ein lydband. Pierre Boulez og Karlheinz Stockhausen er rekna som nokon av dei viktigaste komponistane. Dei var beggje inspirert av Schönberg, Webern og Messiaen.


http://issueprojectroom.org/sites/default/files/sites/default/files/events/StockhausenKH-Foto-WDR1.jpg

Karlheinz Stockhausen var ein tysk komponist som blei utdanna i Köln og hos den franske komponisten Olivier Messiaen med andre. Han jobba som professor i komposisjon ved musikkhøgskulen der etterkvart, men jobba først lenge som kunsterisk leiar ved radiohuset i Köln.

Framsto som orignal og omdiskutert på byrjinga av 1950-talet. Han laga sine eigne reglar/vidareutvikla den serielle musikken, og tok også i bruk elektronikk, mellom anna var han ein av dei første som skreiv musikk med bevegelege klangar. Dette fekk ein til ved at ulike klangkjelder var plassert på bestemte plassar rundt om i rommet. (Gesang der Jünglinge, 1955). Til verdensutstillinga i 1970 i Osaka så fekk han realisert draumen om ein globusforma sal der musikken skulle framførast.

Gesang der Jünglinge:


I Klavierstück XI frå 1956 så er dei 19 tonegruppene i verket notert på eit stort ark – og dei kan framførast i kva rekkjefølgje som helst.

Klavierstück XI:


Kreuzspiel(1951), debutverket til Stockhausen:


 
Pierre Boulez er ein fransk komponist som frå midten av 1950-talet blei rekna som ein av dei leiande avantgarde-komponistane. Mot slutten av 1960-talet tok mange komponistar til å syns at serialismen var for restriktiv med alle reglane, Boulez lurte på om serialismen var blitt overflødig. Inntoget av alle dei nye hjelpemidla hadde gjort klangbildet større, og aleatorikken(tilfeldighetsmusikken) gjorde at ein kunne eksperimentere på ein annan måte.


Arne Nordheim

http://img9.custompublish.com/getfile.php/2351376.789.dyauacecbc/Nordheim+1970.+Foto+Bj%C3%B8rn+Rines+MOD+kopi.jpg
 
I Norge er Arne Nordheim ein sentral person. Han vart fødd i Larvik i 1931, og han kom eigentleg til Oslo for å studere orgel, men under ein konsert med musikk av Gustav Mahler i 1949 blei han så bergtatt at han etter det satsa på komposisjon. Han har hatt stor betydning for samtidsmusikken i Norge. Frå 1982 fekk han bu i statens æresbolig for kunstnerar, «Grotten» i Oslo. Han blei mest kjent for orkesterverka sine, men allereie i 1956 vakte han stor merksemd med sin strykekvartett nr. 1. Utover på 1960-talet eksperimenterte han meir og meir med elektroniske verkemiddel.

Epitaffio frå 1963:

 

Minimalisme

Terry Riley amerikansk komponist som også var inspirert av indisk musikk, på 1960-talet foretok han mange studiereiser til India. Stykket hans «In C» frå 1963. 


Phillip Glass – amerikansk komponist som er sterkt knytt til minimalisme innanfor klassisk musikk, mest aktuell når ein snakkar om dei siste 25 åra av 1900-talet. Minimalistisk harmonikk. «Glass Works». Har og skrive ein del filmmusikk.


John Cage er eit viktig namn i kunstmusikken. Han eksperimenterte masse med klangar og rytme, med piano innstilt på ulike måtar, og med begrepet musikk. Hjalp fram nokre av dei som starta performance-kunstsjangeren.

Kjelder:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar