onsdag 15. april 2015

Musikk i den Kalde krigen del I (1945-1970)

I 1945 var den andre verdskrigen over, og stormaktene Storbritannia, USA og Sovjetunionen skulle bestemme kva som skulle skje vidare. Sovjetunionen ville ha meir makt over landa i aust-europa, halde fast ved kommunisme, samt gi Tyskland ei krigserstatning utan sidestykke. Vesten på si side ville at verda skulle ta ei demokratisk retning, samt legge tilrette for at Tyskland skulle få sjans til å kome til krefter igjen. Det oppstår ei deling av Europa,også kalla jernteppet. For å hindre at kommunismen skulle spre seg, innførte USA Trumandoktrinen, som gikk ut på å hjelpe alle frie statar som ville unngå å havne under kommunismen, dette inkluderte også Marshallhjelpa som gikk ut på å støtte desse statane økonomisk. FN blei danna for å bevare freden, og mot slutten av 40 talet kom NATO, vesten sin forsvarsallianse.

På denne tida var det jazzen og swingen som stod sterkast, men jazzen tok ei anna vending. Vi fekk bebop-sjangeren. Dette gikk ut på at jazzen ikkje lenger skulle vere arrangert, men improvisert, og ein viktig pioner he var Charlie Parker. Det er også sagt at bebopen vart laga av dei svarte jazzmusikarane for at det skulle bli vanskelegare for dei kvite å kopiere musikken deira - som dei hadde gjort med den arrangerte jazzen. Bebop vart gjerne spelt av jazzkomboar på fem, med rom for solistisk improvisasjon. Av og til fekk vokalistar prøve seg, som til dømes den Ella Fitzgerald og Sarah Vaughan. Improvisasjonssangen, også kalla scat, tok i bruk ord som be-bop- ba-da, noko som kan ha vore opphavet til sjangeren sitt navn.

Noko som er interessant er at jazzen, som var ekstremt amerikansk, vart brukt som eit verkemiddel i politikken. Når USA skulle markedsføre seg sjølv og vise til kven ein burde halde seg til, brukte dei jazzmusikk som eit symbol på friheit og likheit for alle - sjølv om det i virkeligheita ikkje var slik. For sjølv kor kjent og flink du var, også musiker, så var det langt ifra friheit og likheit for dei svarte.


Når 1950-talet kom var det fortsatt politisk tension og i 1950 braut Koreakrigen ut, der USA støtta Sør-Korea og Sovjetunionen Nord-Korea. Dette gjorde ikkje partane meir enige - og det førte heller ikkje fram til noko, då Korea fortsatt er delt. Samme år som krigen var over, i 1953, døde Josef Stalin, og Sovjetunionen går inn i ei epoke med nye leiarar. Vidare dette tiåret går Vest-Tyskland inn i NATO, medan Aust-Tyskland blir med i det sovjetiske svaret på NATO, nemleg Warszawapakten. Dei store landa var inne i ei periode prega av økonomisk vekst og velferd, som førte til ei større tryggheit blant folket.

På 50 tallet fekk vi ny musikk - rhythm and blues og rock and roll. Først kom rhythm and blues, som var musikk som kombinerte element frå jazz, blues og gospel. Denne musikken hadde sitt opphav i svarte miljø i amerika. Når denne musikken begynte å bli kjent, begynte kvite musikantar å spele denne type musikk også. Då vart stilen meir populær med ein gong, og ikkje minst meir godkjent. Men når dei kvite spelte, vart det litt meir polert, og musikken vart kalla rock n roll. Medan rhythm and blues kunne være litt seigare og med meir jazzharmonikk, meir melismatisk, og gjerne større i besetning, var rock and roll veldig rett på, rask og ikkje så veldig avansert. Men det var altså rock n roll - den kvite musikken - som vart mest populær, og den var også med på å samle ungdommane som ei eiga gruppe. Kanskje var det viktig for ungdommen å stå samla om ein identitet i ei verd i politisk ubalanse?



På 60-talet vart Berlinmuren bygd, og i 1962 kom Cubakrisa. Sovjetunionen rusta opp på Cuba noko USA likte svert dårleg, og det var likefør det vart enda ein krig. Vidare i 1963 får vi prøvestansavtalen mellom Storbritannia, Sovjet og USA om atomprøvesprengingar, og like etter kjem Vietnamkrigen, der USA og Sovjet igjen tok kvar si side.
På denne tida skjedde det ei fornying av rock n roll, og vi fekk musikksjangeren rock. Den tidlegaste utviklinga skjedde dels i USA, men mest i England med The Beatles og The Rolling Stones. Dei starta med eigne versjonar av amerikanske blues- og rock’n roll sangar, for så å skrive eigen musikk med britisk preg. Mange britiske band slo godt an i Amerika, og rocken fekk så ei ny oppblomstring der også.

Vietnamkrigen, som var den første krigen som blei dekt på TV, førte til demonstrasjonar i USA, og vi fekk hippiebevegelsen, som var imot krig og kapitalisme osv. Denne bevegelsen kombinert med dei engelske impulsane, førte til ei utstrakt eksperimentering med den nye rocken, og vi fekk acid rock, psykedelisk rock, blues rock, - og ikkje minst folk rock, godt representert av Bob Dylan.
Tiåret blei avslutta med Woodstock-festivalen i USA, med mange kjente fjes på programmet, men viktigast var kanskje legendariske Jimi Hendrix og Janis Joplin, som begge har vore inspirasjonskilder for mange musikarar i framtida.

Lytteeksempel: Janis Joplin - Piece Of My Heart 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar