lørdag 18. april 2015

Fra Rhythm and Blues til Rock and Roll Erik og Tone

Frå Rhythm & Blues til Rock & Roll

Erik:
Ettersom det var ett tydelig raseskille i usa på starten av 1900 tallet og videre ut til borgarrettsrørsla, preget dette også musikken sterkt.
For eksempel på 1920-tallet blei Duke Ellingtons musikk framført i ein stereotypisk og turistifisert ramme som besto av afrikanske kulisser og amerikansk sørstatidyll. Dette var fordi afrikansk kultur var eksotisk og spennende for det kvite publikummet.
under borgarrettssrørsla på 1960-tallet blei mange amerikanske musikarar seg bevisst ein musikalsk tilknyting til Afrika. Fleire musikarar spelte faktisk i Afrika. Mellom anna D. Ellington og Archie Shepp.

Chicagos befolkning besto av ei rekke innvandrargruppe utan ein tilsynelatande felles kulturarena. På det meste skal heile 40 språk ha blitt snakka i byen. Særleg ein aukande afro-amerikansk populasjon gjorde seg gjeldande ved sida av tyske, irske, tsjekkiske og jødiske grupperingar. Dette var den sosiale ramma for det som skulle bli JAZZ forstått som improvisert musikk med aukande grad av solistiske bidrag. Jazzhistorikar Alyin Shipton har hevda at det etniske mangfaldet nettopp var det som danna grunnlag for eit lydhørt publikum som verdsette den musikalske utviklinga.

USA var det einaste landet som etter 2. Verdskrig hadde ein betre økonomi enn før krigen. Sjølv om musikkindustrien var inne i en bølgjedal, naut den øvre industri store framgonger. Ikkje minst gjennom ein enorm etterspørsel etter krigsmateriell. I løpet av krigsåra vart inntekta for ei gjennomsnitts kvit familie dobla, og for ein tilsvarande svart familie, tredobla. Det amerikanske samfunnet var etter krigen prega av ei sterk optimisme og økonomisk oppgang. USA vart ein konsumsamfunn. Landets produksjon av varer oversteig langt det som var naudsynt. Og industrien skapte dessutan stadig nye behov i si jakt på profitt. No fantes både tid og økonomi til å gje borna ei god utdanning. Og dessutan var ungdomane ikkje lenger heilt nødvendige verken i familien eller i storsamfunnets produksjonsprosesser. Slik vart ungdomars live meir endra enn dei vakse, og sjølve omgrepet tenåring oppstod.

Tenåringane vart ei samfunnsgruppe som også opptredde som ei gruppe, og  på grunn av dette oppstod ungdomskultur, ungdomskriminalitet, ungdomsproblem, ungdomsmoter, ungdomsspråk, og ei rekke andre uttrykk knytt til ungdom.
Tidlegare var det førebilete i familien; foreldre, tradisjonar og nærleik til dagleglivets prosessar og gjeremål som danna denne identiteten.

I løpet av 50-talet fekk tenåringar sin identitet ein tydlegare samanheng enn i tidlegare generasjonar med ting, som t.d. kler, kosmetikk, grammofonplater, motorsyklar og bilar.

Tone:
Da Billboard i 1949 endra namn på ”Race”-lista til ”Rhythm&Blues” kom i dei nærmaste åra ei oppblomstring av radiostasjonar som sendte r&b. Rock’n’roll utviklet seg til ei samansmelting av urbane svarte og kvite musikkformer. Omgrepet fekk ikkje noko gjennombrot før kvite artistar med bakgrunn i country begynte å spille r&b-inspirert musikk.
Plateselskapa retta seg mot ei vakse publikum ved å ha hovudsakleg country, Tin Pan Alley og lett klassisk musikk. På same måte som det var eit skarpt skilje mellom kvite og svarte artistar og mellom kvite og svarte plateselskap, var eit tilsvarande skilje mellom radiostasjonane. Svart musikk vart boikotta av mange kvite. Det fanst midlertidig også kvite som var positive til svart Rhythm&Blues, altså r&b, ikkje minst mellom tenåringane i byane. Det faktum at den svarte musikken vart sett på som vulgær, primitiv, stygg og skadeleg for den oppveksande kvite slektsmoral, skjerpa mange kvite tenåringar si interesse. I nokre år framover vart kvite coverversjonar av svart r&b ein sterk trend.

Her var musikken gjort noko meir polert, og tekstane langt meir uskuldige. Resultatet var salgbart og lett fordøyeleg for eit breitt publikum. Eksempelvis vart ”Roll with me henry” til ”Dance with me henry” i den kvite coverversjonen. Dei kvite coverversjonane selte mangedobbelt av kva dei svarte originalversjonane gjorde.

Lytteeksempel:

Joe Turner – Shake, rattle & roll https://www.youtube.com/watch?v=YhELpSeeipg
Bill Haley & the Comets https://www.youtube.com/watch?v=qtPNZXpedyI

(”Big” Joe Turner, 43 år i 1954, syngande bartender frå Atlanta under depresjonen)
Shake, rattle & roll er ein 12-bar blues med ein repetert del som fungerer som refreng.
Vart nr. 1 på r&b-lista men vart også ein cross-over til poplistene, kor den nådde 22. plass.
Det er fleire forskjellar mellom desse to versjonane.
Vi kan starte med teksten. På ein vers syng Turner

I’m like a one-eyed cat, peepin’ in a seafood store
I’m like a one-eyed cat, peepin’ in a seafod store
Well I can look at you, tell you ain’t no child no more

Dette var sjølvsagt for grovt for den gjengse kvite amerikaner, og Bill Haley song ein sensurert versjon, der siste linje er noko endra:

 Well I can look at you, tell you don’t love me no more

Det er eigentleg rart at ”one-eyed cat”- linja overlevde sensuren, sidan det er ganske opplagte referansar til kvinner og menn sine re-produktive organ. Sensor var kanskje for streit til å oppfatte referansen, noko som har vore moro for dei som kjende godt til den originale versjonen.
Den andre store skilnaden er profittnivået generert av dei to innspelningane. Det er ikkje det drøyaste døme, ettersom begge versjonane nådde popplistene og selde over 1 million kopiar. Men det ER store skilnader. Medan Big Joe Turner sin versjon kryssa over til poplista (og utvida publikumet sitt til ikkje berre svarte, men kvite tenåringar), kjøpte hovudsakleg svart ungdom platene.
Haley sin versjon nådde 7. Plass på poplista, med nådde aldri r&b-lista, noko som indikerte at det svarte publikumet i høg grad foretrakk Turner sin jump-band stil foran The Comets sin country-prega stil.
Haley bygde vidare på karrieren sin, og vart etterkvart kåra til den første ”kongen” av rock&roll. Turner derimot, fekk aldri igjen ei listeplassering i toppen. Plateselskapet prøvde å promotere den middelaldrande bluessongaren til tenåringspublikumet, men det seier seg nesten sjølv at det var forgjeves. Tida hans var forbi. Sjølv sa Turner at rock&roll var berre eit anna namn på den same musikken han alltid hadde sunge, men at han vart knocked down i trafikken på ei scene som vart tettare og tettare befolka.

Dei to versjonane av Shake, rattle and roll representerer eit vendepunkt mellom tidleg 1950 r&b og seianare 1950 rock&roll. Dei er også eit koplingspunkt kor to populære musikarar kryssa stiar – Big Joe Turner på veg ned, og Bill Haley på veg opp.

Erik:
Ein av dei ALLER viktigaste artistane i foreininga av svart og kvit musikk var Elvis Aaron Presley. Presley vart fødd i Mississippi, einebarn i ein fattig familie. Hans musikalske smak vart forma i ung alder av kvit gospelmusikk han høyrde i kirka, av radiosendingar med country og r&b, og etterkrigstida sine populærmusikarar, spesielt crooneren Dean Martin. Etter kvart begynte han å jobbe med eigaren av Sun Records, Sam Phillips, som ville finne ein artist som kunne selje til både eit kvitt og eit svart publikum. Resten av den historia kjenner vi.

Hound dog  - Big Mama Thornton
https://www.youtube.com/watch?v=wxoGvBQtjpM

..og Elvis:
https://www.youtube.com/watch?v=lzQ8GDBA8Is


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar