onsdag 15. april 2015

Disco - Artistar og låter frå 70-tallet.




Chic – Le Freak
Chic var ei amerikansk diskogruppe som blei danna i New York i 1976 av hovudsakleg bassisten Bernard Edwards og gitaristen Nile Rodgers. Bandet blir av mange rekna som tidenes fremste diskogruppe som tok i bruk strykarar, ein ned-strippa og tørr lyd basert på Edwards smidige basslinjer og Rodgers energiske rytmegitar.

Musikken har humoristiske tekstar og fengande melodiar som er inspirert av jazz, rock, pop og filmmusikk. Chic sine første singlar var Dance, Dance, Dance og Everybody Dance. Begge kom ut i 1977 og vart store hitar. Enda større var låtane Le Freak og I want your Love frå 1978. I 1979 kom gruppa med eit tredje album som vart rekna som ein disko-klassikar i seg sjølv.

Dei fem neste albuma nådde ingen spesiell suksess og gruppa blei oppløyst i 1983. Edwards og Rodgers blei vidare produsentar for Joe Cocker, Gladys Knight, Al Jarreau med fleire.


Donna Summer – Hot Stuff
Donna Summer var ei amerikansk songarinne og låtskrivar. På 70-tallet budde ho i München der ho møtte produsenten Giorgio Moroder. Dei skreiv og gav saman ut låta Love to Love you Baby i 1975, og dette vart Summer sitt gjennombrot. Etter dette signerte ho hos Casablanca, og hitane kom som perler på ei snor. I 1977 kom diskoklassikaren I Feel Love og seinare kom albumet ”Bad Girls”. Dette albumet er rekna som tidenes beste diskoalbum og inneheldt hitar som Last Dance, Hot stuff og Bad Girls. Last Dance fekk også seinare ein Oscar for å ha vore med i diskofilmen ”Thank God It’s Friday” der Summer spelte hovudrolla. På 80-tallet gikk Summer meir mot soul og pop, og i 2012 døde ho av kreft. På grunn av sin store suksess og sine mange diskohitar har ho fått tittelen Queen of Disco.


Earth, Wind & Fire – September
Earth, Wind & Fire er ei amerikansk gruppe danna i Chicago i 1970 av trommeslager, komponist og sanger Maurice White. Med si spesielle blanding av soul, funk, pop, disko og element frå jazz og afrikansk musikk var gruppa eit av dei største namna på 70-tallet. Dei var også kjent for sine spektakulære sceneshow, inspirert av egyptisk mytologi. Bandet har hatt forskjellege besetningar, men blant anna Maurice White har alltid vore sentral. I 1976 blei bandet også utvida med blåserekka The Phoenix Horns.

Av hitar har EWF gitt ut både September og Boogie Wonderland for å nemne nokre, og noko som kjenneteiknar gruppa er vokalisten sin bruk av falsett. Bandet blei oppløyst i 1984, men reorganisert i 1987 – utan å nå sin tidlegare posisjon i musikkverda.





Chaka Khan – Once You Get Started
Chaka Khan er nok ein amerikansk songarinne som starta si karriere i funk-bandet Rufus som slo gjennom i 1974 med låta Tell me something Good. I samme periode gav dei også ut låtane Sweet Thing og Once You Get Startet – der sistnemnte er rekna som ei framifrå funk og diskolåt. Etter fem album med Rufus gikk Chaka Khan Solo med hitsingelen I’m Every Woman som også ligg innanfor disko-sjangeren. Seinare har ho fått mange fleire hitar og er svært framtredande i moderne funk- og soulmusikk. I tillegg syng ho mykje jazz og blues materiale.


Thelma Houston – Don’t Leave Me This Way
Thelma starta si karriere som songar hjå Motown Records. Kritikarane elska musikken hennar, men fordi ho ikkje blei promotert nok i starten, så blei ho aldri ei stor stjerne. Mange rekna ho faktisk den neste Aretha Franklin. Men ho måtte livnære seg på å turnere som korist. Seinare førte tilfeldigheitene og rette folk til at ho gav ut albumet ”I’ve Got The Music in Me” og alle lurte på kven denne dama var.


Dette førte til at Thelma gav ut sin største hit, ein cover av Don’t Leave Me This Way – som allereie var ei diskolåt av Harold Melvin & The Blue Notes. Men hennar versjon blei ein slags definisjon på diskomusikken på den tida, og ho vann også ein Grammy for låta i 1976.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar